– No er vi i gang med overvassleidning og drens. Vegen vert utvida, og så vert det lagt asfalt, fortel Per-Arne Golten som jobbar for Volda Maskin. Han er i full sving i ei djup hole i vegen. Den varme vårsola spelar på lag, så drikkepause må til.

– Eg er glad så lenge eg slepp å stå i eit gjørmehol. Og så går arbeidet mykje raskare enn då det var tele i vinter. Eg får gjort like mykje på ein dag, som på ei veke då telen var på sitt verste.

Trygg veg

Golten fortel at nesten heile den gamle vegen går med til gang- og sykkelsti. I tillegg vert det eit par meter med grøft mellom bilvegen og gangvegen.

– Det vil vere mykje betre for ungane her. I går kom barnehagen på tur forbi her, så her er mange mjuke trafikantar.

Det er fylkeskommunen som har løyvd midlar til trafikksikringstiltaket, både ved Høgebrua og på Mo, lenger ned mot sentrum.

– Planen er å koordinere det litt slik at vi får lagt asfalt på begge plassane samstundes. Johan Øye er anleggsleiar på begge stadene, så han har nok ein plan, seier Golten.