I slutten av april hadde ordførar Rune Hovde sin siste undervisningstime hos 4. klasse ved Hovden skule. Temaet var "Vårt lokalsamfunn". Han fekk elevane til å tenkje over kvifor vi må betale skatt. At det rett og slett er litt praktisk.

– Tenk om alle måtte betale kvar gong læraren hadde hatt ein god time, eller kvar gong nokon henta søpla vår? Elevane fekk kome med innspel om kva dei syntest mangla i sitt nærmiljø, kjøpe seg tomter, og finne ut kva butikkar dei kunne tenkt seg i eit tenkt tomt lokale.

Ungt Entrepenørskap

"Vårt lokalsamfunn" skal gi innsikt i korleis lokalt næringsliv og offentleg forvaltning påverkar kvardagen til born og unge. Tanken er at det skal styrke deira lokale identitet og vise korleis dei sjølve kan påverke og forandre deira eige lokalmiljø.

Kjekt

Rune Hovde valde Hovden skule fordi han tidlegare har vore elev der.

– Det har vore noko av det kjekkaste eg har vore med på som ordførar, fortel han.

Han seier vidare at han har snakka om korleis alt heng saman i ein kommune.

– For meg som ordførar er det viktig å besøkje skulane. Eg har lært mykje sjølv også, og eg trur borna har lært ting av meg. No vil dei gjerne besøkje meg på rådhuset, og det skal vi ordne, seier han og smiler.

To av elevane som var med på opplegget "Vårt lokalsamfunn" var Nikolai Kvamme og Silje Fosse Ryste. Dei fortel at dei har lært mykje av desse timane.

– Eg har fått vite kva ein eigedomsmeklar er, kjem det frå Nikolai.

– Ordføraren har lært oss litt om lokalsamfunnet. Vi snakka om kva vi saknar her, og kva som er viktig å ha. Om løn og skatt, seier Silje.

– Kva slags jobbar i lokalsamfunnet vil de ha?

– Eg vil bli lærar fordi eg likar så godt å lære, opplyser Silje.

– Eg kan tenkjer meg å bli politi, informerer Nikolai.