Ørsta-meieriet betalar eigedomsskatt med glede, fortel meierisjef Bente Reklev.

– Det er ingen grunn til å setje seg på bakbeina. Kommunen treng skatteinntektene, insisterer meierisjefen.

Dekka bord

Fagfolka frå firmaet Eskan AS gjekk til dekka bord då dei i førre veke besøkte staden der dei lagar ost og anna. Det gjorde dei i samband med at takseringsarbeidet for eigedomsskatt på verk og bruk i Ørsta har starta.

– Meieriet viste seg som ei mønsterbedrift. Dei hadde definitivt gjort det dei kunne for å presentere den informasjonen vi hadde trong for, fortel marknadssjef Sverre Gjønnes Antonsen og konsulent Bjørnar Kristian Johannesen i Eskan.

– Det er viktig at skatten vert korrekt utrekna, difor må vi gjere det vi kan for å leggje fram eit best muleg grunnlag, synest Bente Reklev.

Kor stor skatten vert på den kring 7000 kvm store meieribygningen, er framleis ukjent. No er Eskan i gang med å vurdere kor stor del av produksjonsanlegget som skal skattleggjast. Når giroen frå kommunekassa kjem i posten, vil det vere ein blid meierisjef som leitar fram nettbanken.

- Ikkje syt

– Det er viktig for innbyggjarane i Ørsta at kommunen har god økonomi. Og då er det ingen grunn til å syte for at ein må betale litt eigedomsskatt. Det trur eg dei fleste meiner. Eg har i alle fall omtrent ikkje høyrt noko negativt om denne skatten.

Les meir om innføring av eigedomsskatt i Møre-Nytt si papirutgåve tysdag.