Det kom fram då regjeringa Stoltenberg la fram statsbudsjettet for 2014 måndag. Kvivsvegen får dermed status som europaveg.

Etter omklassifiseringa vil Møre og Romsdal verte tilført midlar gjennom inntektssystemet til fylkeskommunane. Venta tilskot i ferjesambandet er 28,8 millionar kroner. Regjeringa foreslår å auke rammetilskotet til fylkeskommunen med eit tilsvarande beløp i 2014.