I ein periode på rundt tre år var mannen butikksjef og dagleg leiar i to ulike butikkar. Han slo inn returar i kassa utan at kundar hadde leverte tilbake varer. Kassabehaldninga stod fram som lågare enn om mannen ikkje hadde handla slik, og det kunstige overskotet gjekk i eiga lomme. Det første forholdet var frå september 2009 og fram til august 2010, og mannen tileigna seg 450.000 kroner. Det andre forholdet var frå september 2010 og fram til september 2012. Her tileigna mannen seg 2.177.000 kroner.

Mannen erkjende seg skyldig etter tiltalen. Underslaga var eit direkte utslag av at han var misnøgd med lønna i det første forholdet.

Mannen vart dømd til fengsel i eitt år og seks månader. Fire månader av straffa vert utsett med ei prøvetid på to år. I tillegg vert mannen dømd til å betale erstatning på 450.000 kroner og 2.177.000 kroner til dei to ulike butikkane.