Svein Ivar Dysthe er ein av Noregs fremste formgjevarar, og har sidan 1958 hatt eit tett samarbeid med Fora Form i Ørsta. Møbelprodusenten er ein av Skandinavia sine leiande leverandørar av stolar, sitjegrupper og bord til kontaktmarknaden, og Dysthe har vore ein viktig del av utforminga av sortimentet. Samarbeidet med Dysthe har resultert i 26 produkt, og av dei produkta er kjende namn som Pop-Corn-stolen, Planet-stolen og Laminette-serien.

I mai vert Dysthe heidra med separatutstilling på Kunstindustrimuseet i Oslo, men først er det Fora Form som skal heide Dysthe. Dette vil skje i showrommet til møbelprodusenten i Pilestredet, og det vert gjensyn med gamle klassikarar som Dysthe står bak. Designaren vil også fortelje frå si 60-år lange karriere.

I tillegg vil Fora Form gjere både ei relansering og ei ny lansering denne dagen.