Det var stor stas då politibilen med blålys på taket kom køyrande inn i skulegarden på Vikemarka skule tysdag. Kvar haust brukar politiet å dele ut refleksvestar til førsteklassingane, med sponsorstøtte frå Tussa og Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Først fekk borna gode råd frå politibetjentane Kristine Langenes og Maiken Sandnes, som kunne fortelje kor viktig det er å bruke refleks i trafikken – også for dei sjølve.

Velle skule og Hovdebygda skule fekk også besøk av politiet tysdag. Etter kvart skal dei besøke alle skulane.

Tryggast med refleks

No når haustmørket vert meir og meir dominerande kveldane, aukar også risikoen for å verte påkøyrd. Ifølgje Gjensidige reduserer refleksbruk risikoen for å verte påkøyrd med heile 85 prosent.

I fjor vart det meldt om 25 påkjørslar av fotgjengarar og syklistar i trafikken i Møre og Romsdal. I tillegg reknar forsikringsbransjen med store mørketal av skadar som ikkje vert meld. 35 prosent av desse ulykkene skjedde i mørket, og berre fem prosent av dei skadde brukte refleks.

Informasjonsansvarleg Arne Voll i Gjensidige oppmodar særleg foreldra til å passe på at borna brukar refleks om dei skal ut halloweenkvelden, som er på torsdag.

– I mørke kostyme og utan refleks, er det nesten umogleg for ein bilist å få auge på borna, sjølv med gatebelysning, seier Voll.