– På ein skala frå ein til seks, der seks er best og ein er dårlegast, landar vi på karakteren fem.

Det seier Heidi Ulstein. På oppdrag for forskingsprogrammet Concept ved NTNU har Menon Business Economics evaluert riksveg 653. Evalueringen har vore leia av Heidi Ulstein.

Målt

Evalueringa har målt produktivitet, måloppnåing, andre verknader, relevans, levedyktigheit og samfunnsøkonomisk lønsemd. Føremålet med evalueringa var å få ei overordna vurdering av kor vellykka prosjektet vart.

– Konklusjonen er at prosjektet var vellykka. Det er betydeleg uvisse knytt til fleire av indikatorane vi har nytta, men indikatorane supplerer kvarandre og usikkerheta i konklusjonane går frå låg til moderat, seier Heidi Ulstein.

Ved vurdering av produktivitet vart det sett på om resultatmåla for kostnad, tid og kvalitet vart nådd som avtala, og om arbeidet kunne vore gjort rimelegare, raskare eller med betre kvalitet.

Kostnadene

– Vi fann ut at kostnadene for prosjektet vart om lag to prosent lågare enn styringsramma, trass bygging av ein ekstra hjortetunnel. Det opphavlege budsjettet vart vurdert som stramt nok. Den lange planleggingsperioden ser ut til å ha hatt ei positiv effekt på kostnadssida, vurderer Ulstein.

Vegsambandet opna om lag tre månader seinare enn målsetjinga, men bakgrunnen for dette var utanfor prosjektet sin kontroll.

– Det kom nye krav til teknisk utstyr i tunnelar. Det er muleg prosjektet kunne vorte gjennomført raskare, men det ville truleg ha auka kostnadene.

Effekt

Måloppnåinga for Eiksundsambandet vert vurdert ut ifrå om effektmåla vart nådd, og i kva grad prosjektet har bidrege til dette.

– Vi har funne ut at reisekostnadene mellom øysamfunnet og fastlandet er monaleg redusert som følgje av Eiksundsambandet. Måloppnåinga er dermed svært god, og vi landar på karakteren seks, seier Ulstein.

Arbeidsmarknad

Ved vurdering av andre verknader av tiltaket har forskarane sett på arbeidsmarknad, næringslivet sin produktivitet, offentleg og privat tenestetilbod, påverknad på andre ferjesamband og nokre fleire indikatorar.

– Eiksundsambandet har hatt ein svak positiv påverknad på utviding av både det offentlege og det private sørvistilbodet. Vi finn også ein betydeleg effekt på arbeidsmarknaden, og ein positiv effekt på næringslivet sin produktivitet. Vi finn få negative verknader, verken for tilstøytande kommunar eller for miljøet, seier Heidi Ulstein.

Det vert gjeve karakteren fem for andre verknader.

– Det er noko uvisse knytt til vurderinga, blant anna fordi det kan vere negative effektar som vi ikkje har fanga opp.

Prioriteringar

Relevans vart vurdert ut ifrå om prosjektet er i samsvar med viktige prioriteringar i samfunnet og for viktige brukargrupper.

– Vi landar på karakteren fem på relevans, det var behov for det prosjektet leverte. Det er hovudsakleg innsparinga i reisetid og fleksibiliteten i eit ferjefritt samband som har ført til ein betydeleg auke i trafikkstraumen. Oppgradering av ferjesambandet kunne ikkje bidrege med ein like positiv effekt, slår Heidi Ulstein fast.