Kyrre Grimstad,tekstforfattar og komponist i Sunnmøre Baarelag, vart ynskt tilbake med applaustorsdag. Han var mest like blid som mannen han har skrive om, men smilte ikkjeberre med munnji, men også med heile fjeset.

Grimstad vart valt inn i kommunestyret for Venstre hausten2011. Han fekk flest røyster på Venstre-lista.

Då arbeidde han som leiar for  barnevernet i Ørsta kommune. Etter at rådmannWenche omorganiserte, og tok med Grimstad i si leiargruppe, vart Grimstadautomatisk utelukka frå kommunestyret. Ein med eit slikt leiarverv kan ikkjeveljast til eit kommunestyre. Dette skjedde våren 2012.

Nytt barnevern

I fjor vedtok kommunestyret i Ørsta å slå saman barneverneti Ørsta med barneverna i Ulstein, Hareid og Volda, og Volda kommune vartformell arbeidsgjevar. Grimstad er no tilsett i det nye feller barnevernet, oger såleis ute frå rådmannen sin nærmaste stab.

Dermed er Grimstad valbar igjen, og han søkte om å kunne taplassen i kommunestyret. Det hefta det ingen problem med, for det som gjeldher, er at han vart innvalt gjennom kommunestyrevalet. Når han då ikkje lengerhar ei stiling som kolliderer med det å ha eit folkevald verv, stodekommunestyresetet i Venstre si gruppe open for han.

Kommunestyret valde også Kyrre Grimstad til tredje vara forsin konstellasjon i formannskapet.

Det er Laura Sandanger Myklebust som har vore fast ikommunestyret medan Grimstad har vore ute. Ho er no igjen fyrste vara forVenstre.