Målet med kvardagsrehabilitering er å få eldre i betre form så dei kan bu heime lenger. Dette gir både betre livskvalitet for dei det gjeld, og sparar kommunen for ressursar.

Førti kommunar

Kvardagsrehabilitering vert i dag brukt i om lag førti kommunar, og like mange er i startfasen. Onsdag og torsdag denne veka er politikarar, leiarar i helse- og omsorgssektoren, kommuneadministrasjonen, tilsette i helsevesenet, heimesjukepleiarar og mange andre på «skulebenken» for å høyre om kva kvardagsrehabilitering går ut på, og kva røynsler dei har gjort seg opp i andre kommunar.

Merethe Hustoft frå Stavanger kommune var ei av dei som fortalde om deira resultat.

– Vi hadde ein pilotperiode frå november i fjor til og med april i år. Då hadde vi med 34 brukarar som fekk kvardagsrehabilitering. Av dei vart 28 heilt sjølvstendige, tre greier seg med mindre tenester enn før, og to hadde tilsvarande tenestar som før dei starta, seier Hustoft.

Ho fortel at alle som vart intervjua i etterkant av prosjektet fortalde om auka livskvalitet, at dei fekk livsgneisten tilbake, og deltok på aktivitetar dei ikkje hadde delteke i på lang tid.

No er det altså Ørsta kommune som skal prøve å gjere kvardagen betre for dei eldre.

Organisere

– Kvardagsrehabilitering handlar om å organisere tenestene på ein slik måte at vi støttar dei eldre i å bruke sine ressursar. Vi ønskjer å få kontakt med brukarane så tidleg så mogleg, helst når dei søkjer helsetenester. Slik kan vi støtte dei i å halde seg aktive så lenge som mogleg, så dei ikkje treng helsetenester, forklarar Hustoft.

– Å gå i gang med ein slik snuoperasjon er eit paradigmeskifte. Det handlar om måten vi arbeider på, kva haldningar vi har, korleis vi tenkjer og kva språk vi bruker overfor våre brukarar. Slik kan dei ta aktive val sjølv.

Sjølv om Stavanger kommune har hausta gode røynsler med sitt prosjekt, er det viktig at kvar kommune tilpassar det til sine behov. Det er såleis eit langsiktig prosjekt som deltakarane berre såg starten på denne veka.