Holen Bjørdal ber Høie om skriftleg svar med bakgrunn i eit oppslag i Sunnmørsposten 28. november der helseministeren uttalar at helseføretaka ikkje kan nytte økonomiske argument for å kutte i akutt- og fødetilbodet ved sjukehusa. Stortingsrepresentanten viser også til ein rapport frå Oslo Economics som viser at Helse Møre og Romsdal HF er underfinansiert, og at dei må kutte 160 millionar i neste års budsjett for å kome i balanse.

– Vil statsråden halde oppe noverande akutt- og fødetilbod i Møre og Romsdal, og er han villig til å revurdere den omstridde finansieringsmodellen i Helse Midt-Noreg HRF, ynskjer Holen Bjørdal svar på.

Statsråd Høie må svare skriftleg innan seks dagar, og Holen Bjørdal seier at det vert svært interessant å sjå kva han svarar.