Fylkesrådmannen går i mot råda frå Søre Sunnmøre, og vil kommersialisere flyruta Hovden-Oslo

– Fylkesrådmannen vurderer at kommersialisering av ruta Hovden-Oslo vil kunne gi ein jamn flyt i reisestrømmen over heile døgnet. Dette vil gi eit meir effektivt og betre tilpassa flytilbod mellom Hovden og Oslo, kommenterer fylkesrådmannen i saksutgreiinga til samferdselsutvalet.

Å kommersialisere ruta vil seie at Samferdselsdepartementet fjernar dagens subsidiar på Oslo-ruta. Samla får Widerøes Flyveselskap 239 kroner per billett (2013-tal) for rutene Oslo-Hovden og Bergen–Hovden.

Forslaget om å ta vekk Hovden-Oslo frå ordninga med tilskot kjem frå Transportøkonomisk institutt, og forslaget låg ved då Samferdselsdepartementet bad om innspel til tilbod på regionale flyruter frå 1. april 2016.

Høgt belegg

Transportøkonomisk institutt peika mellom anna på at Hovden-Oslo har den høgaste beleggsprosenten på kortbanenettet, og med ein beleggsprosent på 73 går ruta med overskot.

Dette har altså fylkesrådmannen merka seg, og ynskjer ei kommersialisering av ruta  – utan tilskot.

– Privatmarknaden vil kunne finne gode tilbod med reduserte prisar utafor peak-perioden (då det reiser mest folk, morgon og ettermiddag), medan eit mindre prisfølsomt næringsliv, vil kunne utnytte eit godt tilpassa rutetilbod for deira behov i peak-periodane.

– Fylkesrådmannen meiner difor at marknaden vil sikre tilfredsstillande transportstandard på ruta Hovden-Oslo. På ruta Hovden-Bergen er det framleis naudsynt med statlege tilskot for å sikre tilfredsstillande transportstandard, seier fylkesrådmannen.

Høyring

Tilrådinga til samferdselsutvalet kjem etter at saka har vore på høyring mellom anna hos alle kommunane på Søre Sunnmøre.

Alle kommunar har her slutta seg til fråsegna frå Utviklingsforum Hovden som sterkt går i mot ei konkurranseutsetjing. Grunngjevinga frå kommunane på søre er at dette kan gje ein dyrare fullpris, redusert frekvens/kapasitet og at sosiale rabattar vil forsvinne.

– Fylkesrådmannen trur at dersom ruta mellom Hovden og Oslo skal halde fram som FOT-rute (rute med tilskot red. merk) kan den høge kapasitetsutnyttinga føre til tilpassingar med behov for auka tilskot. Dette kjem mellom anna av den auka trafikken som er spådd i prognosen fram mot 2020, seier fylkesrådmannen i tilrådinga.

Lønsam drift

– Då må produksjonen aukast med minst åtte prosent meir enn i 2013. Utfordringa er avgangane i peak-periodane. Viss belegget skal auke likt med prognosen så vil det nærme seg 90 prosent i 2020. I praksis vil avgangar i peak-perioden ved uendra tilbod vere fulle, og mange passasjerar måtte finne andre reiseløysingar, seier fylkesrådmannen.

Rapporten frå TØI seier altså at med ein kabinfaktor på 73 prosent går Oslo-ruta med overskot, og det trengst ikkje nokre tilpassingar for å få til ei lønnsam drift.

– Ruta har ein svært høg kabinfaktor, og det vil vere lønnsamt for operatør å auke prisleiet, spesielt på populære avgangar. I 2013 er utgiftene på om lag 950 kroner pr passasjer, medan inntektene ligg på 1040 kroner. Rapporten seier vidare at dei anslår at spesielt maksimumsprisane og dermed prisen for forretningsreiser kan auke ein del samtidig som det vil bli lettare å få billett på dei mest populære avgangane. Konkurransen frå Ålesund Lufthamn vil leggje ei dempar på kor høgt det er lønnsamt for operatør å leggje seg i pris, kommenterer fylkesrådmannen.