– Dei nye reglane inneber at både bod, motbod, aksept og avslag må liggje føre i skriftleg form før meklar kan formidle beløp, fortel eigedomsmeklar MNEF Jørn#<\p>Velle i Møre Eigedomsmekling.

Det er også krav om at meklar må ha innhenta legitimasjon og signatur frå bodgjevar før eit bod kan formidlast.

Telefon

Tidlegare var det berre første bod som måtte dokumenterast skriftleg, medan resten av bodrunden gjekk føre seg på telefon. No skal alle bod dokumenterast skriftleg via SMS, MMS, appar med meir.

– Det er også krav om at både informasjon og stadfesting av mottekne bod skal gjevast skriftleg, seier Velle.

Om årsaka til at alt no må gjerast skriftleg seier Velle at dei involverte i ein prosess med eigedomsbyte får betre tid til å tenkje seg om i høve viktige val som ofte handlar om store verdiar.

– Dette handlar også om auka tillit til systemet og at ting går føre seg på rett måte, vurderer eigedomsmeklaren.

Omstilling

Han gjer det klart at det vert ei omstilling både for meklar og forbrukar med fleire kommunikasjonskanalar å halde seg til.

– Ein veit ikkje heilt korleis dei nye reglane vil slå ut. Prosessen med kjøp og sal vert noko meir omstendeleg og arbeidskrevjande. Vi reknar likevel med at dei innarbeidde systema skal vere effektive, seier eigedomsmeklar Jørn Velle.