Ørsta formannskap har vedteke å gje 10.650 kroner til årets tv-aksjon. Det svarar til ei krone per innbyggjar.

Ordførar Rune Hovde (H) nytta høvet under formannskapshandsaminga til å oppmode om å støtte årets tv-aksjon.

Årets tv-aksjon heiter «Vatn forandrar alt», og det er Kirkens Naudhjelp som vil få årets innsamla midlar til rådvelde til sine prosjekt.

Målet er at ein million fleire menneske skal få tilgang til reint vatn.

Aksjonen skal haldast søndag den 19. oktober.

Det er varaordførar Paul Kristian Hovden som er lokal aksjonsleiar, og han og aksjonsnemnda håper at folk både vil gje – og ikkje minst stille som bøsseberarar den aktuelle dagen.