Folketalet i Ørsta auka med 80 personar i 2013. Auken er på 0,8 prosent, syner tal frå stastistisk Sentralbyrå. Ved nyttår budde det 10.536 innbyggjarar i Ørsta, noko som er suverent størst på Søre Sunnmøre.

Kommunane på Søre Sunnmøre, bortsett frå Vanylven, Herøy og Hareid, hadde auke i folketalet. I Vanylven gjekk folketalet ned med ein prosent, frå  3.336 til 3.302 innbyggjarar. Innbyggjartalet gjekk ned med 34 personar. Dette er ein negativ trend som har vore i mange år.

Nullvekst

Herøy kommune stod i fjor på staden kvil med nullauke, og hadde 8.847 innbyggjarar ved årsskiftet.

Innbyggjartalet på Hareid  gjekk ned frå 5.027 til 5.021 personar.

Sande kommune fekk ein folketalsvekst på åtte personar. Ved nyttår budde det 2.636 personar i kommunen.

Ulstein hadde ein vekst på heile 2,1 prosent i fjor, og med 8.092 innbyggjarar ved nyttår var folketalsauken på 165 personar. Det er nok arbeidsinnvandringa som først og fremst utgjer denne auken.

Auke i Volda

Volda kommune auka innbyggjartalet med 82 personar, frå 8.827 til 8.909 innbyggjarar. Veksten er på 0,9 prosent.

Nordal hadde størst fråflytting på Sunnmøre og med 3,1 prosent nedgang budde det ved nyttår 1.685 innbyggjarar i kommunen.

Hornindal

Nabokommunen vår Hornindal hadde ein nedgang på 1,2 prosent i folketalet. Ved nyttår budde det 1.223 innbyggjarar i kommunen. Stryn hadde folketalsoppgang på 0,4 prosent i 2013. stryn hadde ved nyttår 7.134 innbyggjarar.