Det seier ein glad Jo Agnar Hansen frå Alvdal som søndag vann finalen i NM for gjetarhund i Follestaddalen.

Det var med den ti år gamle border collien Sisko at Hansen gjekk heilt til topps i den spennande finalerunden søndag ettermiddag på Øy i Follestaddalen. Etter litt småregn skein sola, og mykje folk var samla for å få med seg slutten av noregsmeisterskapen som vart gjennomført på ein vellykka måte.

- Ja, dette må karakteriserast som vellykka. Alle let vel over arrangementet. Vi har ikkje hatt problem av noko slag, og vi har halde tidsplanen, seier Odd Bjarne Bjørdal, leiaren i NM-nemnda.

Høgt nivå

Det var eit høgt nivå over mange av deltakarane.  Og det var facinerande å sjå gjetarhundane handtere saueflokken der dei henta sau på avstand, dreiv sau framføre og etter førar, og då dei dreiv sauene inn i ei inngjering. 160 sauer deltok under meisterskapen.

Det ligg  mykje arbeid bak ein god gjetarhund.

- Ja, det ligg veldig mykje både trening og bruk av hund bak dette NM-resultatet, fortel NM-vinnar Jo Agnar Hansen.

- Korleis er det  verte noregsmeister?

- Det er stort! Eg brukar jo veldig mykje tid på hunden, og eg deltek i NM for å vinne, fortel Hansen.

Det er faren hans i Lakselv som er oppdrettar til vinnarhunden hans Sisko. Heime i Alvdal har hansen 250 vinterfora sauer.  Jo Agnar Hansen har ein NM-tittel frå nokre år tilbake. Han kan også vise til ein sjuandeplass frå VM i gjetarhund.

Yngste deltakar i NM var Karianne Buer frå Ytre Enebakk i Akershus. Ho debuterte med ein 22. plass.

- Det er eg godt nøgd med, fortel Buer som eig to gjetarhundar.

Andreplass

Jan Briskeby tok andreplassen i NM og Torbjørn Jaran Knive vart nummer tre i konkurransen som fredag starta med innleiande runder. 90 hundar frå heile landet deltok.

Frankie McCullough og Jon Aas var dommarar.