Det kjem fram i Statens vegvesen sitt handlingsprogram som er ei konkretisering av Nasjonal transportplan for åra 2014–2023.

Planen skildrar dei tiltak som etaten skal gjennomføre i perioden 2014–2017 på riksvegnettet, og tiltak knytt til trafikant- og køyretøyområdet.

Spjelkavik

Rute 4a E39 Stavanger–Bergen–Ålesund med tilknytingar omfattar E39 frå Harestad like nord for Stavanger via Bergen til kryss med E136 ved Spjelkavik i Ålesund. Ruta omfattar seks ferjesamband på E39; Mortavika–Arsvågen over Boknafjorden, Sandvikvåg–Halhjem over Bjørnefjorden, Oppedal–Lavik over Sognefjorden, Anda–Lote over Nordfjorden, Volda–Folkestad over Voldsfjorden og Festøya–Solavågen over Storfjorden.

– Ferjesambandet Folkestad–Volda over Voldsfjorden er føresett omklassifisert til fylkesveg-samband i samband med den planlagde flyttinga av E39 til Kvivsvegen når Hjartåbergtunnelen vert opna for trafikk våren 2014, heiter det i planen.

Kryssing

Det heiter vidare at det i KVU for E39 Skei–Ålesund vert drøfta fleire alternativ for kryssing av Nordfjorden og vidare trasé nordover via Stigedalen eller Kvivsvegen.

Regjeringa er venta å ta stilling til trasevalet snart.

– Statens vegvesen anbefalar å flytte E39 på strekninga Byrkjelo–Volda ved å leggje traseen lenger aust i tunnel under Utvikfjellet, i bru over indre del av Nordfjord, vidare til Hornindal og Kvivsvegen til Volda, heiter det i plandokumentet.

Frå Volda til Ålesund er det foreslått stort sett å følgje dagens trasé, men med omlegging forbi Ørsta.

Grunnlag

Vegvesenet meiner altså at det ikkje finst tilstrekkeleg teknisk grunnlag til å kunne ta stilling til kryssing av Sulafjorden via Hareid eller kryssing av Storfjorden ved  Festøya.

– I første omgang tilrår Statens vegvesen å ruste opp ferjesambandet Festøya –Solavågen over Storfjorden, går det fram av handlingsprogrammet.