Marie Nora Roald frå Åmdal vart valt til president for verdsorganisasjonen for bioingeniørar (IFBLS) tidlegare denne månaden.

– Eg er svært glad for tilliten medlemsorganisasjonane har vist meg, og ser fram til å ta fatt på oppgåva, seier Roald.

Valet gjekk føre seg i Taipei i Taiwan, og Roald går no inn i ein to års læreperiode som «president elect» før ho tek over vervet som president i 2016.

IFBLS har ifølgje Roald mange store oppgåver å ta fatt på. Auka medlemsrekruttering, utvikling av samarbeidet med Verdsorganisasjonen for helse (WHO) og bistand til land som manglar ei etablert bioingeniørutdanning er nokre eksempel.

– Organisasjonen er oppteken av aktuelle helsetruslar. Det speglar seg att i temaet for neste verdskongress, som skal handle om infeksjonssjukdomar som ebola, denguefeber og malaria, i tillegg til nye moglegheiter og utfordringar innan transplantasjonsmedisin.

Utvikling

Mykje har skjedd i faget sidan Marie Nora Roald tok si utdanning i Trondheim på starten av nittitalet.

– Det har vore ei enorm utvikling.

Ein bioingeniør er han som analyserer biologisk materiale, som til dømes blod, for at ein pasient skal få rett diagnose og behandling.

–– No er det analysemaskiner som brukast til å analysere store mengder prøver, og som etter kort tid kan gi svar på mange ulike analyser. Det er fascinerande og gir bioingeniørane nye oppgåver med å sikre at analysemaskinene leverer rett svar.

Gjennom IFBLS har Roald reist mykje rundt i verda og sett tilhøva ved andre laboratorium.

– Og det er flott å sjå at utviklinga har vore veldig lik innan labanalyse i alle land. Eg har vore både i India, Kenya og Taiwan, mellom anna, og det er forbausande mykje likt utstyr. Vi tenkjer gjerne at Noreg ligg litt framfor. Og det gjer vi kanskje når det gjeld hygiene til dømes, men når det gjeld å levere gode analyser er det kvalitet i alle land. Vi har mykje å lære av kvarandre, og det er eg oppteken av å kunne vidareføre i mitt vidare arbeid.

Internasjonal erfaring

Marie Nora Roald jobbar til dagleg som seniorrådgjevar i NITO, den største organisasjonen i Noreg for ingeniørar og teknologar, med 76.000 medlemer. Under utdanninga i Trondheim hadde ho sommarjobb på Volda sjukehus på laben. Etter studietida jobba ho sju år på laboratoriet i Ålesund før ho starta i fagforeininga for bioingeniørar. Ho har internasjonal erfaring frå sitt arbeid i Bioingeniørfaglig Institutt.

Tradisjonar

Jobben som president elect og president ser ho fram til. Det er andre gong at ein nordmann har fått dette vervet. Elles har folk frå Norden alltid vore sterkt representert i leiinga.

– I Norden har vi ein sterk organisasjonstradisjon. Det er nesten like mange organiserte bioingeniørar i Noreg som i heile USA.

Det at Roald har jobba så lenge for NITO gjer at ho har med seg erfaring for korleis jobbe i ein organisasjon og korleis ho best kan få forhandla fram gode løysingar.

– Dette er eigenskapar som vert sett pris på internasjonalt, fortel ho, noko som viste godt att då ho fekk over 75 prosent av stemmene, av tre kandidatar som stilte til val.