I fleire veker har ein stor sildestim halde hus inne i småbåthamna i sentrum. Om ein lyser ned i sjøen kveldstid, ser ein knapt botnen sidan det er så tjukt med sild i hamnebassenget. Truleg er det snakk om fleire titals tusen fiskar som har sumt rundt i hamna i meir enn ein månad.

Denne veka vart det freista å fange litt av silda i garn, med eit makelaust resultat. Meir enn to hundre sild i eitt kast førte til mykje sildemiddag for fiskarane.

Tidlegare hamnesjef i småbåtlaget, Oddmund Ose, kan fortelje at det ikkje er første gongen silda tek seg inn i småbåthamna.

– Det har skjedd tidlegare. Sist eg veit det vart fiska der, var for kring tjue år sidan. Då var det eit valdsamt fiskeri. Det er enorme mengder fisk som går etter lyset og kjem inn kanalen til hamna. Det er same effekten som sildebåtane brukar når dei skal lyse fram fisken, seier Ose.

Sildestimen i småbåthamna trekk mange skodelystne kveldane. Foto: Kjell Arne Steinsvik
Resultatet av eit kast med garn: om lag 200 sild. Foto: Kjell Arne Steinsvik