For ei veke sidan vart to polske statsborgarar stoppa på Straumshamn med bilen full av øl, sprit og sigarettar frå heimlandet. Smuglargodset står no lagra på lensmannskontoret i Ørsta, men delar av det kan verte selt for å gje driftsmidlar til lokale politiressursar. Dei 960 boksane med 6% øl er nemleg ettertrakta vare.

– Ølet er ekte vare frå bryggjeri, så det er det ingen risiko ved, og det er lett omsetjeleg. Det er for gale å køyre over dette med vegvals, seier Hagen.Han ønskjer difor å selje ølet til 25 kroner per boks.

– Det er rimeleg når det er tale om "eksportøl". Knappe kr. 25.000 kroner held til fleire trafikkontrollar. Eller vi kan tilsetje vikar i sommar. Med vikar kan vi halde oppe kontrollaktivit også i ferien, seier han.

Destruerer sprit og sigarettar

Dei 54 litera med sprit og dei 6.000 sigarettane vil han derimot destruere.

– Sprit fører til mykje elende, så eg vil aldri vere med på å selje sprit til nokon. Nokre av dei styggaste hendingane vi har hatt har vore forårsaka av folk som har drukke heimbrent eller smuglarsprit. Og når det gjeld sigarettane skal det gjere godt å hive dei i forbrenningsovnen på Grautneset, seier lensmannen. Ingen polititilsette på lensmannskontora røykjer så destruksjon vekker berre gode kjensler, fortel Hagen.

Vurdering

Når det gjeld ølet vil Hagen unngå at det vert misbrukt. Det vert difor stilt nokre krav til kjøparane.

– Det må gå til folk vi kjenner, og som har kontrollert sitt alkoholinntak over lenger tid. Målgruppa er ikkje unge menn, men meir etablerte menneske eldre enn 35 år.  Vi ønskjer å selje det til folk frå Ørsta og Volda. Vi kan ikkje kvalitetssikre vurderingane om vi går utanfor kommunegrensene, understreker Hagen.Sidan det truleg vert stor interesse for å kjøpe importølet, ser lensmannen helst at folk tek direkte kontakt med han i dag for å skrive seg på tingingslista.

– Her gjeld det førstemann til mølla, seier han.

*** ...Og til orientering, dette var altså ein aprilsnarr :-)