Snittmålinga ved Rv. 653 starta fredag, og er den fyrste i sitt slag på Vestlandet.

I skrivande stund er der tre einskilde kontrollstrekninger i Eiksundtunnelen, fordelt på fem fotoboksar som er plassert ut både på veg opp og ned.

Vart eg teken?

Sjølv om det ligg i ordet kva snittmåling er for noko, kan det vere greitt å få ei lita innføring.

Fotoboks A tek bilde av alle køyrety og lagrar tidspunkt, akselavstand, vekt og registreringsnummer. Når du kjem til fotoboks B vert farta di rekna ut, og du får fort erfare om du får smilet og namnetrekket ditt i politiet si rekningsblokk eller ikkje.

Dersom lampen i fotoboksen blinkar raudt, har du berre vorte teken bilde av. Dersom lampen derimot blinkar gult er det grunn til å sveitte. Då har farta vore for høg, og du må bu deg på ei slankare lommebok.

– Tre gangar så effektivt

Senioringeniør Ruth Myklebust seier føremålet med å måle snittfarta er å redusere risikoen for skadde og drepne i tunnelen ved å få ned køyrefarta.

– Streknings-ATK har vist seg å vere eit effektivt og sterkt verkemiddel som samanlikna med punkt-ATK oppnår tre gangar så stor reduksjon av køyrefarta og tilhøyrande reduksjon i skadekostnadene. seier Myklebust.

– Viktig tiltak

Snittmålinga kjem til å skje begge vegar, og fotoboksane nyttar fiberkommunikasjon – noko som aldri før har vore gjort i Noreg ifølgje Myklebust.

Reaksjonane har heller ikkje latt vente på seg. I desember omtalte tidlegare ordførar Gudny Fagerhol snittmålinga i rosande ordlag.

– Dette viser at det nyttar å stå på og påverke dei som skal påverkast i slike saker. Folk køyrer fort gjennom tunnelen begge vegar, også på den rette strekninga i retning Eiksund. Difor er det viktig at det vert drive snittmåling.