Det seier strategidirektør Kjetil Strand i Statens vegvesen.

– Kvivsvegen vert bygt som E39, difor er det naturleg å opne vegen som E39, seier Strand.

Det betyr at E39-skiltet kjem på plass når Kvivsvegen opnar neste haust.

Strand vedgår at dette kan gje utfordringar for ferjefrekvensen for sambandet Volda–Folkestad.

Nedgradert

Volda formannskap ynskjer at vegen over Stigedalen, som ved E39-status til Kvivsvegen vert nedgradert til fylkesveg, vert klassifisert som det dei kallar ein interregional sambindingsveg. Det betyr riksvegstatus. Dette meiner politikarane er svært viktig fordi fylkesvegstatusen vil kunne føre til eit bortfall av nattferja mellom Volda og Folkestad. I tillegg vil dagens halvtimes avgangar kunne bli til timeavgangar på dagtid.

–Det er Møre og Romsdal fylke som avgjer frekvensen på dette ferjesambandet, minner leiar for konseptvalutgreiinga mellom Skei og Ålesund, Kjell Kvåle om. Han seier at det er svært lite truleg at dagens E39 gjennom Stigedalen framleis vil få riksvegstatus

– Kvivsvegen og Stigedalsvegen ligg for nær kvarandre til at dette kan verte aktuelt, seier Kvåle.

Han gjer det likevel klart at dette eventuelt vil vere ei sak for Stortinget.

– Det finst fleire fjellovergangar i landet som er parallelle riksvegsamband. Men det er ingen innarbeidd praksis med riksvegar nær kvarandre, tvert imot, fortel prosjektleiaren.

Han karakteriserer det som banebrytande dersom Stigedalen sin riksvegstatus vert oppretthalden.