Torsdag orienterte plansjef Gunnar Wangen Ørsta kommunestyre om at det aller meste av Sæbø ligg utanfor fareområdet for ei eventuell flodbølgje.

Byggjeforbodet på Sæbø er dermed oppheva.

- Det er kanskje berre eit område i Hustadvika som no ligg i faresona, sa Wangen.

Ny rapport

Bakgrunnen for gladmeldinga er at det har kome ein splitter ny rapport frå NGI om oppskyljingshøgder. Desse viser at ei bølgje frå eit fjellskred frå Åkneset i Storfjorden "berre" vil vere på mellom ein til to meter. Og då som det aller verste alternativet, det som vert kalla femtusenårsskredet.

- Dessutan viser det seg at kartgrunnlaget har vore feil. I kommunen vart vi i oktober merksame på at det var nytta kart der ikkje utfyllingane på Sæbø var tekne med. Situasjonen vert dermed endra til det betre, sa Wangen.

Berre byggjesak

Rapporten frå NGI er så ny at det berre er forholda på Sæbø kommunen sine folk no har oversikt over.

- Det er fordi situasjonen der har vore mest dramatisk. Med dei tala som no ligg klare, er det klart at det ikkje lenger vert stilt krav til områdeplan med konsekvensutgreiing for at det kan gjevast byggjeløyve. Dei tre aktuelle byggjeprosjekta på Sæbø, i bankbygningen, i Samvirkelagsbygniongen og eventuelt ved Hotell Sagafjord, kan no handsamast som vanlege byggjesaker, sa Wangen.

Kommunen har orientert dei involverte partane på Sæbø, men elles var kommunestyret dei fyrste som torsdag fekk gladmeldinga frå Wangen.