Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har invitert Ørsta/Volda Pride ved Anbjørn Steinholm Frislid og Rune Sæbønes til mottaking i representasjonsbustaden til regjeringa 27.juni. Mottakinga vert arrangert i samband med Oslo Pride.
– Svært hyggeleg, og dette viser at Bygdepride har vorte lagt merke til, seier dei to.
Fleire frå Bygdepride vil vere med på arrangementa under Oslo Pride.