– Eg blir sitjande til ein etterfølgjar er klar, og fram til det skjer, skal eg ha fullt fokus og merksemd på dei mange prosjekta vi held på med, seier ho til Sunnmørsposten.

Berg vart den første kvinnelege sjefredaktøren i avisa i 2007. Etter 17 år i rolla pensjonerer ho seg.

Berg har i tillegg til redaktørjobben hatt ei rekke verv i ulike presseorganisasjonar. Ho har vore både styremedlem og styreleiar i Norsk Redaktørforening og nestleiar i styret for Norsk Presseforbund. Ho har også sete i styret for den norske avdelinga av IPI, som er ein internasjonal organisasjon for pressefridom, skriv Sunnmørsposten.

(©NPK)