Det skriv ho i eit svar til stortingsrepresentant Frank Sve (Frp), som har spurt konkret om statsråden vil gripe inn.

I svaret viser Kjerkol til at det er helseføretaka som har ansvaret for drifta og å halde seg innanfor dei tildelte økonomiske rammene.

Ho har vore i kontakt med Helse Midt-Norge regionhelseføretak om saka, og der fått til svar at Helse Møre og Romsdal har forsikra samlokaliseringa med Ålesund sjukehus ikkje vil forringe kvaliteten.

Vidare viser Kjerkol til at saka er såpass konfliktfylt, at ho endeleg skal avgjarast av styret i Helse Midt-Noreg.

– Departementet oppfattar dette som eit klart uttrykk for at Helse Midt-Norge RHF følgjer opp saka tett, og vurderer ho ut ifrå si eigarrolle, sørge-for-ansvar og ut ifrå eit regionalt heilskapsperspektiv, skriv Kjerkol.

Stortingsrepresentant Sve merkar seg at Helse Midt vil følgje saka.

– Kva rolle Helse Midt-Norge RHF skal ha vidare kan ein berre spekulere i. Det statsråden også seier i svaret er at Mork sin vidare eksistens ikkje kan avgjerast av Helse Møre og Romsdal åleine, då saka skal vidare til avgjerd i Helse-Midt RHF, seier Sve.

Fylkestingsrepresentant Hans-Olav Myklebust og partileiar Tore Thon i Ørsta Frp seier at det er trist at statsråd Kjerkol ikkje vil gripe inn og stanse framlegget om nedlegging av Mork rehabiliteringssenter.

– Underforstått at statsråden synest det er greitt same kva styret i Helse Møre og Romsdal måtte finne på. Det er heilt uforståeleg at statsråden synest det er greitt å sentralisere ei viktig teneste som har fungert godt i mange år. Tenester som samfunn treng i framtida, og som vert utført på Mork på ein framifrå måte. Det er uforståeleg at eit fagmiljø skal rivast opp med rota og fjernast på denne måten, med statsråden si velsigning, seier Myklebust og Thon.