Avdelingsleiar i foreininga, Mari Bræin Faaberg, minner om at det frå 15. april til 15. september er eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller nær skog og utmark.

– Om du har planar om å tenne bål, må du sjekke med kommunen din kva reglar som gjeld. Kva som er lovleg av open eld er regulert i forskrift i den enkelte kommunen, og mange kommunar krev at det bli søkt om lov på førehand, seier ho.

Ved spesielt stor brannfare kan kommunane gjennom lokal forskrift innføre forbod mot å gjere opp eld i ein del område, og også utanfor den faste forbodsperioden. Lokale forskrifter finn ein på nettstaden lovdata, no.

– Det er verd å merke seg at det å gjere opp eld utandørs handlar om meir enn bålbrenning. Det omfattar til dømes også bruk av eingongsgrill. Uforsiktig bruk av open eld eller brannfarlege gjenstandar kan føre til straffe- og erstatningsansvar.

Erfaring viser at ein del nyttar tradisjonen med jonsokbål til å kvitte seg med store mengder søppel. Det er såleis ikkje berre bålet i seg sjølv om kan utgjere ein risiko, men også det som blir brent. Gjenstandar laga av materiale som gir giftige gassar, har ikkje noko på jonsokbålet å gjere.

Brannvernsforeininga ber samstundes om at jonsokbål må ha god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale. Før båltenning, er det viktig å sørgje for å ha rikeleg med sløkkjevatn tilgjengeleg.

Foreininga tilrår også at det bør vere ein vaksen og edru person som har ansvaret for bålet frå det blir tent til det er sløkt.

– Bruk for all del ikkje bensin eller andre brennbare væsker for å få fyr på bålet. Vi har dessverre sett eksempel på at overdriven bruk av brennbar væske har ført til alvorlege personskadar, oppmodar Mari Bræin Faaberg.

(©NPK)