– Hugs at Saudehornet rett opp er meir enn ein konkurranse. Eg vil spesielt oppmode barnefamiliar til å delta.

Det seier Odd Magne Vinjevoll ved Ørsta Næringskontor, som er med på å arrangere Naturfestivalen, der Saudehornet rett opp er eit av høgdepunkta.

No er det tre år sidan siste løp, og Vinjevoll følger spent med på vêrmeldinga.

Frå løpet i 2019- skodde då også, men ikkje på toppen. Foto: Svein Aam

– Vi vil gjennomføre løpet, med mindre det vert veldig unormale forhold. Vi har hatt både regn, snø og skodde tidlegare, seier han.

Toler regn og skodde

For trasen toler ein del regn.

– Det er verst frå Skåla og oppover til ryggen. Toppartiet har mykje stein og blir ikkje så vått. Og skodde er ikkje noko problem, sidan det er god rås.

Kvilepause i Skålavegen- frå løpet i 2019. Foto: Svein Aam

Han ventar 40–50 deltakarar i konkurranseklassa. Og han håper på at folk sluttar opp om mosjonsklassa.

– Eg vil trekke fram barneløpet som startar i småbåthamna og går til tredje pumpehuset i Skåla. Alle som deltek får nummer på brystet og medalje! Det viktigaste for oss er å skape eit godt løp og ei fin ramme, men vêret har sjølvsagt mykje å seie for deltaking frå familiar og publikum.

Starten går frå småbåthamna, i eit område som no har fått eit nytt tilbod.

– På Stødt vil det bli konsert i samband med løpet. Her skal det og vere konsert fredag, fortel Vinjevoll.