Kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda snakkar med begeistring om lokalmatprosjektet dei no prøver å dra i gang:

- Får vi dette opp å stå, så kan vi kanskje få ein lokalmarknad som fungerer ut over Volda og Ørsta, seier Sjurgard i eit intervju på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside.

Drahjelp av Mattorget

Volda kommune fekk drahjelp og interesse i samband med Tor Kristian Stevik si etablering av Mattorget i Volda. Då kom også lysta til å prøve.

- Vi blei vekte med den lokale kompetansen som vi fekk gjennom oppstarten av Mattorget. Då Stevik og Volda kommune kom i kontakt, blei vi einige om å prøve oss på eit pilotprosjekt med lokalmat på institusjonskjøkkenet og Høgskolen i Volda si kantine. Særleg var det omsorgssenteret vårt som brukte det mest.

Volda omsorgssenter. Foto: Volda kommune

Sjølv om det berre var ein forsiktig start, og i småskala, blei pilotprosjektet tatt godt imot.

- Det ga ikkje ein stor effekt, men det var ein test på å prøve det ut og å prøve det innafor grensene vi har – vi skulle ikkje handle utanfor rammeavtalene vi har, seier Sjurgard.

Vil gjere det større

Med gode medarbeidarar som er bevisste, og ein kjøkkensjef som er ein god administrator, kom tanken om å ta prosjektet vidare og gjere det større:

- Det var ein sped start, men så kom Møre og Romsdal som berekraftsfylke rullande innover. Då begynte vi å sjå på kva vi kan gjere her i Volda og at «kanskje kan vi etablere eit nasjonalt konsept?». Vi ser vel eigentleg for oss det, særleg no i dag når vi har fått krig i Europa og vi diskuterer om vi eigentleg har god nok matforsyning og om vi er sjølvforsynte, noko vi jo ikkje er.

Oppstart i Volda

Sjurgard fortel i intervjuet at planen er at prosjektet skal startast opp i Volda.

- I utgangspunktet startar vi i Volda, men vi har felles landbrukskontor med Ørsta, slik at Ørsta er kopla på allereie. Men eg tenker vi må utvide og tenke eit større område.

I utgangspunktet er det snakk om innkjøp av grønsaker.

- Men dersom det er ein modell vi lukkast med, så kan vi utvide til å tenke andre typar landbruksprodukt. Og kanskje kan vi utvide til fleire kantiner, slik at Staten, fylke og kommunar kan bruke innkjøpsmakta si, seier kommunedirektør Rune Sjurgard.