– Vi er nummer 53 i landet, så vi er ikkje så mange, fortel helsesøster Ragnhild Mork Topphol. Ho har teke eksamen i faget, og saman med dei andre helsesøstrene og jordmor på stasjonen har ho utarbeidd ein prosedyre som dei no har fått godkjent av Nasjonalt kompetansesenter for amming. I Møre og Romsdal er det Hareid, Ålesund og Volda som har denne sertifiseringa frå før.

Gir hjelp til alle

– Det er ein omfattande prosedyre vi har laga, og den omhandlar mellom anna problemstillingar knytt til morsmjølk versus morsmjølkerstatning. Den ser også på dei mange ulike utfordringane knytt til det å amme, fortel Topphol.

Helsesøstrene meiner dei ser resultat av det harde arbeidet.

– Det er ein stor prosent av mødrene i Ørsta som ammar, seier Lisbeth Aklestad.

Dei understrekar at dei gir rettleiing både til dei som ammar og til dei som ikkje kan eller vil amme.

– Begge deler er like viktig. Det skal ikkje vere eit press på dei som av ulike årsaker ikkje ammar, forsikrar Topphol.

Rosar helsestasjonen

Nybakte tvillingforeldre Stine Marie Gulla og Paul Erik Rebbestad sit med seks veker gamle Sofie og Eirik på fanget. Dei er glade for at helsestasjonen satsar på dei små.

– Det er ein stad med kompetanse og tryggleik. Dei gir god rettleiing og gode råd. Det er eit lågterskeltilbod som vi kan ta kontakt med når vi er urolege for noko. Det er godt å vite at dei er der, og at dei har kunnskap om det dei driv med. Det er gull verdt, rosar dei.

Festdag

Kommuneoverlege Arne Gotteberg kalla dagen for ein festdag både for helsestasjonen og for Ørsta kommune.

– De driv eit flott utviklingsarbeid. Og det er kjekt med utmerkingar utanfrå. Etter 35 år som lege har eg sett kva helsestasjonane betyr for familiane. Det er fundamentet under det førebyggjande og helsefremjande arbeidet.