I debatten ved årets Hjørundfjorddagar diskuterte både eigarane av Hotel Union Øye, Sagafjord Hotel, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS) og representantar frå Ørsta kommune korleis ein skulle utvikle reiselivet i Hjørundfjorden på best muleg måte.

– Her ligg eit enormt potensial, men verdiskapinga må skje på lokalt nivå dersom ein skal klare å nå målet om å verte ei topp turistperle, sa adm. dir. i 62 grader nord, Terje Devold, under debatten.

Høgre-politikar Monika Barstad Rebbestad plukka opp stafettpinnen på staden, og inviterte dei einskilde aktørane til samarbeid, noko dei andre også såg på som ein nøkkelfaktor for suksess.

No kan ordførar Rune Hovde og Rebbestad avsløre at Ørsta kommune tek grep for å vise at dei meiner alvor når dei no vil satse på reiselivet.

2025

– Etter Hjørundfjorddagane har vi lausleg diskutert om det er mogleg å setje ned ei arbeidsgruppe for å systematisere arbeidet med å foredle juvelen Hjørundfjorden vidare på ein planmessig og fagleg måte, seier Hovde.

No vel ein å etablere nettopp ei slik gruppe. Arbeidstittelen vert «Hjørundfjorden 2025», og Hovde seier den bêr dette namnet fordi kommunen ønskjer å signalisere at dei tenkjer langsiktig og strategisk både når det gjeld produktutvikling og marknadsføring.

– Eg kjem til å fremje saka politisk i Ørsta, med sikte på at vi skal peike ut kven vi ønskjer å ha med i arbeidsgruppa, seier han.

System

– Kva for ei rolle skal denne samlinga ha?

– Innbyggjarane, næringslivet og reiselivsaktørane har alle sine tankar om korleis foredlinga av fjorden kan gjennomførast. No tek vi i kommunen initiativ til å samle desse idèane, og setje dei i system før vi går vidare, seier Rebbestad.

– Når kjem vi til å sjå resultat av dette arbeidet?

– Til hausten. Vi satsar på å starte opp etter fellesferien med å utvikle Hjørundfjorden som turistmål.

– Vi er klare

Hovde seier han ser på det som heilt naturleg å invitere DÅS til gruppa, ikkje minst på grunn av dei ressursane selskapet allereie legg ned i Hjørundfjorden som reisemål og den kompetansen selskapet har.

– Vidare kan kanskje også DÅS vere ein nøkkel til å få med andre viktige deltakarar, seier ordføraren.

Adm. dir. Geir S. Vik tykkjer arbeidsgruppa er eit strålande tiltak.

– Dette er eit kjempeflott initiativ, og vitnar om vilje til godt grunnarbeid, som er nøkkelen til å lykkast på lang sikt, seier han.

– Har du nokre konkrete tankar om kva de kan bidra med?

– Det er mykje, heilt frå reint infrastrukturelle ting som skilting og marknadsføring av turstigar, til å framheve strekninga Festøy-Standal-Bondalen-Norangsfjord til kandidat for nasjonal turistvegstatus. Det vil utløyse store midler frå det offentlege som vil heve kvaliteten på satsinga i stor grad.

Han førespeglar at Hjørundfjorden kan få den same statlege innsatsen som for Trollstigeplatået, Gudbrandsjuvet i Valldalen, og Atlanterhavsvegen, for å nemne nokre.

– Dersom det offentlege vil velje å satse i like stor grad her, kan det gje ei enorm marknadsføringseffekt, seier Vik.

Adm. dir. Geir S. Vik i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS).
Ordførar Rune Hovde og høgre-politikar Monika Barstad Rebbestad.