I helga såg du kanskje at kleskodeksen i Volda og Ørsta sentrum var dominert av skibriller, snowboardbukser og romslege jakker i alle regnbogefargane, medan området kring studenthuset Rokken var smykka med telt og utescene.

På Saudehornet i Ørsta tevla tindeklatrarane, medan kajakkpadlarane kjempa seg gjennom dei strie stryka i Bygdaelva i Hellesylt.

Alle hendingane skjedde i samband med skifestivalen X2, som sette  sitt preg på bygdene mellom torsdag og søndag.

– Ein kjempejobb

Ordførar Arild Iversen i Volda leitar fram rosande ord i omtalen av ekstremsporthelga, og dreg parallellar til eit av landets mest kjende arrangement i same gate.

– Eg meiner X2-festivalen har eit stort utviklingspotensial, og pustar Ekstremsportveko på Voss i nakken. X2 kan mellom anna spele på ei av dei verkeleg store styrkane vi har her på Sunnmøre – nemleg den fantastiske naturen. Leiinga bak festivalen har gjort ein kjempejobb, seier Iversen.

Omdømmebygging

Han seier det er svært bra at lokalsamfunnet har klart å skaffe ressursar og kompetanse til å arrangere slike festivalar, og at Volda kommune står att som ein av vinnarane – med betre omdømme som gevinst.

– Det påverkar både Volda sin marknadsverdi og attraktiviteten vår for busetjing og etablering. Bygda vår vert rett og slett plassert på kartet.

Sjølv om X2 er ein av dei mest kjende arrangementa herifrå, trekk ordføraren fram andre hendingar i bygda, som også bidreg til blest.

– Både Dokfilm, Animation Volda, Studentveka, Kammermusikkfestivalen og Dei nynorske festspela er  også viktige, og har eit stort potensial.

I same andedrag nemner Iversen også nabobygda og fjelløpet «Saudehornet rett opp», der både nasjonale og internasjonale auge rettar merksemda mot Ørsta.

Saman er vi sterke?

No foreslår ordføraren eit samarbeid mellom festivalane, med mål om å akselerere utviklinga enda meir.

– Kanskje leiarane av arrangementa kan lære av kvarandre? Kvar festival skal sjølvsagt ha sin eigenart, men det kunne vore ein ide å gje dei ein fellesnemnar å halde fast i. Vi har no til dømes nystarta Sunnmøre Kulturnæringshage, som kanskje kan vere ein katalysator.