Samferdselssjefen foreslår i forslaget til framtidig lufthamnstruktur i Møre og Romsdal at Vigra må oppgraderast fordi Dash 8 på Hovden vert fasa ut. Samferdselssjefen viser då til det Avinor har sagt i Norsk Transportplan, nemleg at det er ein risiko for at kortbaneflyplassar, blant dei Hovden, kan verte fasa ut bnetter 2025.

Dette reagerer ordførarane på Søre Sunnmøre på. Dei viser til at Widerøes Flyveselskap har ei heilt anna haldning. Widerøe har m.a. overfor Møre-Nytt insistert på at det ikkje er nokon planar om å fase ut Dash8 sjølv om dei ikkje lenger er i produksjon.

Widerøe vil både oppgradere eksisterande fly i flåten, kjøpe nyast mogleg fly, og er dessutan overtydde om at flyfabrikantar framleis vil produsere passasjerfly med kring førti seter for kortbaneflyplassar.

- Vi ber om at fylkeskommunen i staden for å signalisere nedlegging av Ørsta og Volda lufthamn, i staden held oppe kravet om betre ruter, seier ordførarane i kommunane Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid, Vanylven, Sande og Herøy i ei felles fråsegn.

Fråsegna gjekk til samferdselsutvalet tysdag (i dag). Utvalet skal ha møte onsdag, og skal der handsame forslaget til NTP frå fagetatane.