– Med alle dei store behova vi har på samferdslesektoren i Møre og Romsdal, valde SV å gå inn for eit oppgradert ferjetilbod med 20 minutts avgangar, nattferjer og miljøvenleg drivstoff som vårt E 39-alternativ, skriv Ingrid Opedal i ei pressemelding frå fylkestinget i Geiranger.
Etter SV sitt syn er det oppgradering og vedlikehald av eksisterande vegnett, rassikring, trafikktryggleik, kollektivtransport og gang- og sykkelvegar som vil betre kvardagen til folk i fylket i overskodeleg framtid.
– Sjølvsagt er eg glad for at eit samla fylkesting sa ja til Volda- og Ørstatunnel i form av «bypakke, seier Opedal, som også gjekk inn for indre alternativ gjennom Nordfjord, Fefast som kryssing av Storfjorden, utgreiing av Sekken-alternativet i Romsdal og bru over Halsafjorden.
– Når eg ikkje fekk støtte for å velje Fefast, røysta eg saman med Petter Bjørdal, Hans Olav Myklebust og Kirsti Dale for framlegget om å greie ut både Hafast og Fefast vidare før ein tek endeleg stilling, seier ho. Grunnen til at eg gjekk for Fefast, er at eg ikkje ser ein trase gjennom Eiksundsambandet og vidare over Hafast som ei god løysing for ein stamveg, som etter mitt syn skal gå rettaste og flataste vegen. Så må ein gjerne arbeide vidare med bruløysing for Hafast, men ikkje som stamveg, meiner Opedal.
– I innlegget mitt la eg vekt på at me treng gode kommunikasjonar i fylket vårt. Samtidig har fylket eit enormt vedlikehaldsetterslep, vi har framleis trong for rassikring, trafikktryggingsoppgåvene står i kø, til dømes bygging av gang- og sykkelvegar. Samtidig har fylkestinget vedteke ein klimaplan der utsleppa frå transport skal reduserast med 10 %, og vi skal satse på folkehelsa.
– Då må trongen for biltrafikk reduserast, og vi må satse på eit mykje betre kollektivtilbod, meiner Opedal. I tillegg vil ho ha lyntog til Møre og Romsdal..
– Som eit økonomisk ansvarleg parti greier ikkje SV å sjå at vi kan løyse alle desse oppgåvene samtidig som vi skal bygge ferjefri kyststamveg med store dyre fjordkryssingar, seier Opedal. I eit fylke der skipsbygging er ei av dei viktigaste næringane, vil SV difor i første omgang satse på eit sterkt oppgradert ferjetilbod på alle stamvegstrekningar og viktige pendleruter.