I statsbudsjettet for 2015 er det sett av midlar til planlegging av E39 Ørstafjordkryssinga. Det går fram av forslaget til budsjett for samferdselsdepartementet.

I budsjettet er det foreslått løyvingar til planlegging av desse prosjekta i Møre og Romsdal: E39 Kryssing av Romsdalsfjorden, E39 Kryssing av Ørstafjorden, E39 Kryssing av Storfjorden (Hafast), E39 Halsafjorden og E39 Volda–Ålesund–Molde–Astad. Det er også sett av midlar til planlegging av prosjektet E39 Betna–Vinjeøra–Stormyra i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Riksveg 651 Stigedalen

I framlegget til statsbudsjett stadfestar regjeringa linevala for E39 som har vorte gjort det siste året, og at Stigedalen framleis skal vere statleg riksveg til indre line er ferdigbygt.

– Dette inneber at ferjesambandet Folkestad–Volda vert halde oppe som riksvegferjesamband. Statens vegvesen har gjeve vegen gjennom Stigedalen riksvegnummer 651. Det skal verte etablert skilting som viser at riksveg 651 via Stigedalen er ei alternativ rute til E39 via Kvivsvegen, heiter det i framlegget til statsbudsjett.