– Vi får ikkje systemet for reseptfornying på plass før onsdag.

Det seier dagleg leiar for Ørsta Helsesenter, Trude Tonning.

I samband med at helsesenteret legg om heile datasystemet neste veke, vil dei gå nokre dagar utan tilgang på pasientopplysningar på data. Dermed har dei heller ikkje tilgang på e-resept, og får ikkje bestilt reseptar med apoteket.

– Vi oppmodar alle som veit at dei treng å fornye resepten sin om å gjere dette no før helga, seier Tonning.

Akutthjelp

Etter planen skal det nye systemet stort sett vere på plass til onsdag neste veke og då får dei igjen tilgang til e-resept.

– Men vi er stengt for timebestillingar heile veka.

Måndag vil det vere noko kapasitet ved legekontora på Sæbø og Vartdal, men tysdag er alle kontora stengde. Dersom det er behov for akutt hjelp, har dei ein viss beredskap, elles oppmodar Tonning om at folk ventar.

– Det vert ei heilt spesiell veke. Vi har vakttelefon, men vil avgrense alle førespurnader, sett vekk frå dei som treng akutt hjelp.