Den siste statistikken frå Avinor syner at det reiste 10.253 passasjerar til og frå Hovden i november. Det er ein nedgang på 6,4 prosent samanlikna med november i fjor. Dette er ein trend som er felles med dei fleste kortbaneflyplassane, som samla hadde ein nedgang i november på minus 7,3 prosent.

Auke i 2013

Sjølv om det var ein nedgang i november, viser tala for dei elleve fyrste månadene ein solid opptur for Hovden. Så langt i år har det vorte frakta 113.531 passasjerar til og frå flyplassen. Det er ein auke på 8,6 prosent.

Dermed går det mot ein ny årsrekord for flyplassen. I fjor passerte Hovde 100.000 passasjerar i slutten av november.