Ørsta kommune gir no tilskot til merking av turruter.
Stabsleiar Eldar Rune Øye, folkehelsekoordinator Ingvild Endal og avdelingsleiar Gunnar Wangen oppmodar grendelag og andre som held dei mange turvegane ved like om å ta kontakt. Om ein sender ein søknad om merking, vankar det kanskje kommunale tilskot til arbeidet.