For tredje år på rad har Sentio Research spurt nordmenn om kva høgskular og universitet dei kjenner til. No er årets rapport klar, og Høgskulen i Volda er mellom skulane utanfor dei store byane som flest kjenner til.
– Rapporten viser at Høgskulen i Volda har auka merkevarestyrken sin, skriv skulen på nettstaden sin.
Totalt kjenner 10,5 prosent til Høgskulen i Volda. Det er ein framgang på 3,4 prosentpoeng frå førre måling.
5,0 prosent kjenner til Høgskolen i Ålesund, medan 1,8 prosent kjenner til Høgskolen i Molde. Molde kjem dårlegast ut blant alle landets høgskular og universitet.
Det er berre Høgskolen i Telemark som gjer det betre enn Høgskulen i Volda på lista, om vi ser bort frå universiteta og høgskulane i dei største byane.