– Vi tek vêrvarselet på alvor. Det gjer at vi aukar beredskapen i kommunen før stormen. Fredag har vi hatt eit møte der vi har gått gjennom planane vår. I den grad det er mogleg å førebu seg til dette, så er vi klare, seier ordførar Rune Hovde i Ørsta.
Laurdag ventar Vêrvarslinga på Vestlandet sterk vind på Sunnmøre.
Det er noko usikkert kor sterk vinden blir, men det er venta vestleg full storm eller sterk storm. Vindkasta kan kome opp i mellom 35 og 45 sekundmeter.
Fredag kveld gjekk Meteorologisk institutt ut med ekstremvêr-varsel. Ekstremvêret "Nina" er venta å treffe Vestlandet laurdag. Ifølgje meteorologane vil vinden vere på sitt sterkaste laurdag ettermiddag.
Stormflo
Vinden kan også gå innover i fjordane, ifølgje Vêrvarslinga. Yttarst på kysten kan det bli orkan.
Det er også venta høge bølgjer og stormflo laurdag. Tidvatnet er venta å kome 60 til 70 cm over det som er opplyst i tidevasstabellen.
– Floa er kanskje det eg er mest uroa over. Vind og bølgjer gjer også at vatne kjem endå høgare, seier Hovde.
Dei verste vindkasta gir seg i løpet av laurdag, men det er venta kuling også søndag.
Vêrvarslinga har innført auka overvaking av vêrsituasjonen, men det er førebels ikkje sendt ut ekstremvêrvarsel.
Ørsta kommune har vore i kontakt med Tussa, Mørenett, politiet og fylkesmannen i forkant av uvêret.
– Frå Tussa og Mørenett si side har vi fått forsikringar om at dei har auka beredskapen i tilfelle uvêret går utover kraftforsyninga, seier Hovde.
Vil ikkje skape frykt
Ordføraren vil likevel ikkje bidra til å hausse opp stemninga, eller skape frykt blant folk, men oppmodar folk flest om å bu seg på uvêret.
– Syt for at det ikkje ligg lause gjenstandar ute, og ikkje ta unødig risiko.
Det ordføraren fryktar mest, er at liv og helse skal kome i fare.
– Kommunen og andre delar av det offentlege kan gjere mange førebuingar, men det er likevel i stor grad opp til folk å ikkje utsetje seg for fare. Dette er ikkje dagen for å stå nede ved moloen for å sjå på floa, eller dagen for å gå på fjelltur, seier ordføraren.
Sunnmøre politidistrikt har også innført auka beredskap før uvêret kjem.