Det er enno ikkje klart om Stigedalen skal verte klassifisert som riksveg eller fylkesveg når vegen må gi europavegstatusen sin vidare til Kvivsvegen om kort tid, men Statens vegvesen er i gang med arbeidet med ny skiltplan for strekninga.

Visingsmål som i dag

Formannskapet ønskjer at skilta skal ha same visingsmål som i dag. Altså at det frå Nordfjordeid vert skilta til Volda og Ålesund, og frå Volda mot Nordfjordeid og Bergen, men dette ligg ikkje inne i planane til vegvesenet, som har tenkt at Folkestad skal vere visingsmål frå Eid mot Volda.

Tidlegare har både Eid kommune og Volda kommune gjort vedtak om at dei vil ha dei same visingsmåla som i dag.

– Det er eit krav frå dei to kommunane at Statens vegvesen straks stoppar arbeidet med ny skiltplan.

Eid kommune har også hatt møte med vegvesenet, og fått lovnader om at dei ville verte kontakta når arbeidet med ny skiltplan vart starta opp. Dette har ikkje skjedd.

– Verken Volda eller Eid har vorte kontakta. Det er eit felles krav frå kommunane at det straks vert kalla inn til eit drøftingsmøte, heiter det i fråsegna.

På møtet ønskjer dei representantar frå kommunane, fylkeskommunane, Vegdirektoratet og Statens vegvesen.

Kravet frå kommunane er at visingsmåla får stå som i dag, og at det også vert opplyst køyrestrekning i kilometer.

– Det må også verte vurdert om det i Eid kommune og i Volda kommune skal verte sett opp informasjonstavler om alternative køyreruter mellom Nordfjord og Volda.

Fråsegna vert sendt til Vegdirektoratet, Statens vegvesen region Vest og Statens vegvesen region Midt.

Odd A. Folkestad (Ferja) fremja fråsegna som vart samrøystes vedteken.