Union Hotel, Øye, er eit særmerkt trehotell, og bygningen er over hundre år gammal. Difor vert brannvernarbeidet vurdert som særleg viktig.

Ørsta brann og redning heldt tilsyn i slutten av januar, og konklusjonen etter tilsynet er at det er eitt avvik og ein merknad.

Avviket gjeld manglande kontroll av handsløkkjeutstyr, for det vart ikkje dokumentert ein kontroll av desse sidan sommaren 2012. Her vert hotelleiinga bedne om å kome med ein framdriftsplan for slike kontrollar innan 10. mars.

Merknaden galdt eit punkt om kontroll av brannalarmsystemet. Her vert hotellet bedne om å undersøkje kva gjeldande avtalar omfattar.

Konklusjonen frå branntilsynet er uansett positivt for hotellet.

– Det vert gjennomført eit godt brannførebyggjande arbeid ved hotellet, og objektet sine representantar har god oversikt over branndokumentasjonen, oppsummerer brannsjef Einar Ytre-Hauge i Ørsta brann og redning.