Nedanfor butikken i Barstadvika ligg ei lita strandperle, gøymd mellom ei naustrekkje og ein molo. No når temperaturane stig langt opp på tjuetalet vert det skikkeleg sydenstemning på badeplassen.

Tysdag i middagstida hadde det allereie samla seg ein del folk på den vesle stranda, som har finkorna sand med lite tang og tare. Med fargerike badeballar og flytemadrassar minner det mest om sydlegare strok, og eit lite bel gløymer ein nesten at ein er på 62 grader nord.

Finaste badeplassen

– Dette er finaste badeplassen på Vartdalstranda, seier Elisabeth Standal og Nora Barstad, som sleikar sol i fjøresteinane.

Dei har ikkje våga seg ut i sjøen enno.

– Det vert sjeldan særleg til temperatur i fjorden her, forklarer dei.

Dei håper at fleire skal oppdage kor idyllisk det er i Barstadvika.

– Det er ein flott stad å bu, og her er fleire hus til sals, så det er berre å kome, smiler dei.