Og sjølv om nattferja ikkje lenger går mellom Volda og Folkestad, vil alle voldingar og ørstingar kome seg heim om natta.

- Vi set opp gratis bluesbussar rundt fjorden. Turen tek berer vel ein halvtime, så her er det berre å sikre seg  billettar, seier brørne Oddemann og Roy-Arne Folkestad.

Dette vert fjerde gongen dei arrangerer konsert i heimbygda. Tidlegare har dei hyra inn Jan Eggum, Ole Paus og Benny Borg med stor suksess. Denne gongen slår karane altså til med to artistar.

Det er tretti år sidan BokkeReidars spelte på Folkestad. Dei er svært gira på å gi folk ei stor oppleving, og det vert trøkk når eit av landets beste bluesband entrar scena, lovar brørne.

Klassikarar

Olav Stedje opnar altså kvelden med konsert der han kjem til å spele både nye låtar og sjølvsagt klassikarane.

- Vi har fått lovnad på at Stedje også vil drage nokre låtar saman med BokkeReidars, så det kan verte ei spennande oppleving.

Fellesbillett til Stedje/BokkeReidars er til sals på Narvesen i Volda og på Coop Folkestad. På Narvesen får også dei som ønskjer det utdelt gratisbillett til bussturen.

- Vi arrangerer dette med eigen risk og vonar folk også denne gongen møter opp, seier Folkestad-brørne.

Marine harvest

Dei er svært takksame for at Marine Harvest er ny hovudsponsor.

- Dei har anlegg i fjordane i området og synest det er fint å yte noko tilbake til det lokale kulturlivet. Det set vi umåteleg stor pris på, seier brørne.

Dei takkar også Aurstad AS for god støtte.

- Og så må vi sjølvsagt takke Nettbuss for deira særs positive bidrag i samband med at vi må leige transport rundt fjorden, seier Oddemann og Roy-Arne Folkestad.