Dette er ein auke frå i fjor. Grunnen til at fellesrådet treng meir pengar, er mellom anna til å dekkje inn ein generell løn- og prisvekst på 180.000 kroner.

Vidare ønskjer dei 100.000 kroner til å auke sekretærstillinga, som tidlegare har vorte kutta ned. Årsaka er eit stadig strammare budsjett som tvinger fellesrådet til å levere negative resultat. Dei har difor sett seg nøydde til å stramme inn, først ved å leggje ned kyrkjekontora på Vartdal og på Sæbø, for så å dra inn ei sekretærstilling på 45 prosent.

Fortvilar

Fellesrådet fortvilar over at det no er frivillige som må kome på møta for å føre møtebøkene.

Fellesrådet ønskjer også ein auke i tilskotet på kr 120.000 kroner for å auke organistressursen, som i dag er for liten til å dekkje alle sokna. Fellesrådet peikar på at dei har søkt om 120.000 kroner kvart år, men enno ikkje fått det.

Forfallande vedlikehald er også noko som må takast tak i. Særleg er det to søyler i Ørsta kyrkje som må bytast ut grunna roteskade. Fellesrådet håper å få gjort dette før 150-årsjubileet til Ørsta kyrkje i desember 2014. Til dette arbeidet treng dei 80.000 kroner.

Vidare peikar dei på at det i budsjetthandsaminga for Ørsta kommune i 2012 vart lagt inn 400.000 kroner i økonomiplanen for 2014 til måling av Hjørundfjord kyrkje.

– Måling av kyrkjene har vore sett opp i økonomiplanen/investeringsplanen kvart år, men ein har ikkje fått ei krone til investeringar på mange år, og dermed aukar forfallet for kvart år. I Hjørundfjord kyrkje står glasmåleria på skade, så før ein kan måle kyrkje, må glasa ordnast. Dette er heilt naudsynt. Deretter kjem dei andre kyrkjene i tur og orden, skriv Ørsta kyrkjelege fellesråd i budsjettframlegget deira.