"Pinseaftan skal vi feire bryllaup.  Vigselen skal vere i Ørsta kyrkje, menbryllaupsfesten skal vere på Hotel Union, Øye. Vi reiser innover med 1445-ferja og før vi køyrer om bord skal kvar avdei 100 gjestane få kvar sin "verdens beste" skulebolle.  Kan du ha klar skulebollane til klokka 1430?"

I ferjekøa

Jau, det var nok ein litt spesiell ordre, sjølv for bakarDagfinn på Strands bakeri på Sæbø.  Deter ikkje alle bryllaupsgjestar som skal ha servert skulebollar i ferjekøa nårdei skal på bryllaupsfest på eit av Noregs mest vidgjetne hotell.

Men her eine dagen fekk Dagfinn (Daffa)  altså ein telefon der mora til brura tinga100 stk. "verdens beste skulebollar" . No er vel "verdens beste" eit uttrykk som helst vert brukt lokalt omskulebollane, men brudemora hadde sjølv smakt desse kvalitetsbollane sistsommar og då ho tinga brukte ho nettopp uttrykket ”verdens beste”.

Ferske bollar

Det seier seg sjølv at bakaren fekk litt prestasjonsangst,men klokka 10 starta bakaren med deiga - Dagfinn opplyser at han alltid levererferske varer  -  og klokka 14.10 laurdag hadde Ingeborg og butikksjefKanutte (Nutte) lagt siste hand på verket. No kunne bryllaupsgjestane kome.

No har vi ikkje fått snakka med gjestane etterskulebollefesten i ferjekøa på Sæbø, men dei vart nok nøgde.