Ørsta kommune, som eigar og driftar av offentleg leikeplassar, har engasjert ein uavhengig leikeplassinspektør som har sett nærare på dei offentlege leikeplassane i kommunen. Totalt har seks skular og åtte barnehagar vorte inspiserte. Rapporten for Hovdebygda barnehage kom tidlegare denne veka, og den har ført til at barnehagen har valt å stenge fleire av leikeapparata sine.

– Dette er eit offentleg område, og kommunen er ansvarleg døgnet rundt. Vi har fått merknader på roteskade, som kjem etter kvart på slike leikeapparat. Det var flest punkt på ulike stader der det er fare for å henge seg fast, og dette kan m.a. skje der det er små sprekker. Leikeapparat som for få år sidan var godkjende, er ikkje det lenger grunna strengare regelverk, seier verneombod Atle Engen i Hovdebygda barnehage.

– Ikkje stor fare, men konsekvensane kan verte store

Onsdag gjekk han gjennom rapporten saman med styrar Einar Magne Moe.

– Mange av punkta handlar om små sprekker som i utgangspunktet ikkje er ein stor fare, men vi har valt å stenge desse apparata. Grunnlaget for dette er at her er folk på kveldane som vi ikkje har kontroll over. Sjølv om det ikkje er stor fare ved å bruke leikeapparata, kan konsekvensane verte store, seier Engen.

– Generelt sett ligg vi litt under gjennomsnittet

Rapportane frå dei ulike leikeplassane har kome inn i løpet av dei siste vekene, og siste rapport kom til kommunen fredag morgon.

– Den første rapporten som kom var for Rystene barnehage. Her var det ein del avvik, men det aller meste byrjar no å kome på plass. Det som ikkje kan reddast er plukka vekk, ein del er reparert og ein del var i god stand. Generelt sett, alle leikeplassar under eitt, så ligg vi litt under midt på treet samanlikna med andre kommunar. Der er ein del gamle apparat. Mykje har vorte brukt i god tru, men lovverket er no strengare. Eit apparat som bygd på dugnad for 10–15 år sidan vil ikkje verte godkjent no. Apparatet skal vere frå ein sertifisert leverandør, og alle papir skal vere i orden, seier Roger Steinnes som er leiar i drift og vedlikehaldsavdelinga i eigedomsseksjonen.

– Midlar til oppgradering må prioriterast

Eigendomsseksjonen tek no tak i dei offentlege leikeplassane, men Steinnes seier at dei ikkje kan trylle.

– Vi vil ta vekk eller reparere apparat som er klassifisert a eller b. Så må vi starte prosessen med budsjett, og politisk må ein løyve dei naudsynte midlane for å få oppgraderingane på plass. Det er eigedomsseksjonen som bak tiltaket med inspeksjon, og vi ynskjer å ha fokus på kvalitet på leikeplassane og at dei skal vere i samsvar med regelverket som vi sett til å forvalte. Eigedoms-, skule- og barnehageseksjonen vil no melde inn eit samla behov for oppgradering. Kommuneøkonomien er dårleg, men dette må rett og slett prioriterast til neste års budsjett, seier Steinnes.