Det var høgtidleg bursdagsfeiring på meieriet i Ørsta onsdag, på dagen 20 år sidan Snøfrisk vart lansert, same dag som OL vart opna på Lillehammer.

Tidlegare avdelingsleiar for kvitost og kremost, Lars Egil Foldal, fortel at fødselen for den lett syrlege geitosten Snøfrisk var alt anna enn lett. Det heile starta på 1980-talet då det vart gjort mange forsøk på å finne ein ny ost som kunne eigne seg både på den norske- og den utanlandske marknaden.

– Men det meste var jo funne opp frå før, så det var ikkje berre enkelt, seier Foldal.

Eit engelsk firma gjorde så ei marknadsundersøking for å kartlegge kva kundane sjølve kunne tenke seg. Prosjektet heitte Midas. Stikkorda dei sat att med var norsk natur, reinslegheit og kvalitet. Konseptet fekk då namnet Snofresk. Det skulle vere ein fersk 100 prosent rein geitost, laga i fjella i Noreg. Dei trekanta begera skulle symbolisere norske fjelltoppar.

– Det var enormt spennande då avgjerda om kven som skulle få stå for produksjonen vart teken. Det var mange som ville, men det var både flaggdag og kakefest då valet fall på Ørsta, fortel Foldal.

OL-ost

Det neste målet vart sett. Osten skulle verte lansert til OL på Lillehammer 1994. Heile verdikjeda var engasjert, frå bønder til emballasje. Målet om å ha produktet klart til OL vart nådd, men utfordringane var likevel mange. Det var problem med melen ost, og det var mykje væske i begeret. Smaken var også eit stort problem, og mange liter geitemjølk vart tømt rett ut grunna dårleg smak.

– Då var vi rimeleg langt nede, fortel Foldal.

Testa mjølka

Men vinden snudde

– Her har bøndene gjort ein kjempeinnsats for å få best muleg smak, rosar produksjonsrådgjevar Steffen Nordang.

Kvar einaste tankbil med geitemjølk vart testa. Den beste mjølka var analysert. I dag veit geitebøndene kva som skal til for at mjølka skal vere god nok til produksjon av ost. Historia vidare er kjent.

Auke

– På dei 20 åra er det produsert over 54.100.000 beger med Snøfrisk i Ørsta, eller 6.800 tonn. I januar i år held auken fram. Vi har produsert 19 prosent meir enn i januar i fjor, og landa på 60 tonn Snøfrisk, fortel meierisjef Bente Reklev.

Russland er den største marknaden, sett vekk frå Noreg, og osten er premiert ved fleire høve. Tradisjonen og banda mellom OL og Snøfrisk held seg også framleis levande, då det nyleg vart sendt eit stort parti ost til OL i Sotsji.

Omvising: Gamle travarar og engasjerte Snøfrisk-tilhengjarar fekk oppleve Snøfrisk-produksjon på nært hald. Her er det Kurt Kvitle som får svar på spørsmål frå meierisjef Bente Reklev. Foto: Janne-Marit M. Falch
Effektivisert: Maskiner gjer den største jobben i Snøfrisk-produksjonen på meieriet. Foto: Janne-Marit M. Falch
Meierisjef Bente Reklev hadde sørga for salte kjeks og variasjonar av Snøfrisk på lunsjbordet på meieriet på 20-årsdagen. Foto: Janne-Marit M. Falch