Ein statistikk baserer seg på tal frå Norsk pasientregister som viser kor mange personar frå Ørsta og Volda som i løpet av fjoråret var innom sjukehus som følgje av ein kreftdiagnose.

Det er muleg, med nokså stor nøyaktigheit, å seie kor mange personar som har denne diagnosen, då dei fleste vil ha hatt eit opphald på sjukehus i løpet av eit år. Kreftstatistikken er henta ut frå eit svært omfattande verkty, som eigentleg tek for seg heile den norske helsetenesta. Tala blir presenterte av Helsedirektoratet.

Mengd med innlegging

Statistikken fortel ikkje nødvendigvis om kreft historisk sett er meir eller mindre utbreitt i Ørsta og Volda, men gir svar på korleis situasjonen var akkurat i 2012.

Helsedirektoratet har gjort tala offentleg tilgjengeleg for alle, og det kjem fram at 244 personar frå Ørsta hadde vore innlagt på sjukehus som ein følgje av kreftdiagnose i fjor. I Volda kommune blei det registrert 194 innbyggjarar med innlegging grunna sjukdomen.

I heile Noreg var det 92.833 personar som hadde vore på sjukehus som ein følgje av kreft i løpet av fjoråret. I Møre og Romsdal var det snakk om 6.203 personar.

14 per tusen nordmann

Helsedirektoratet har også rekna ut kor mange personar med innlegging grunna kreftdiagnose det har vore per innbyggjar per år. Her får ein altså svar på kva kommunar i Noreg som har størst og minst utbreiing av kreft, per 2012. Statistikken viser at det er svært store forskjellar på kommunenivå. Men samanslått til regionar, så er forskjellane mykje mindre. På landsbasis er det snakk om 14,2 personar med sjukehusbesøk grunna kreft per tusen innbyggjar.

Resten av landet kan delast i to. Helse Nord og Helse Sør-Øst ligg noko over snittet med 14,6 per tusen – mens Helse Vest og Helse Midt-Noreg er ein del under snittet med 13,6 og 13,5 per tusen.

Ulikt kommunenivå

Dei geografiske skilnadene i kreftstatistikken viser seg likevel å vere ganske så store når ein kjem ned til kommunenivå. Ein skal vere svært forsiktig med å ymte så veldig mykje når det kjem til småkommunar, for det er ofte desse som skil seg ut i den eine eller andre retninga. Til dømes ser vi at småkommunane Utsira i Rogaland og Modalen i Hordaland ikkje har innleggingar grunna kreft i det heile teke i kalenderåret 2012.

Motsett ser vi at Nesseby kommune i Finnmark har plasseringa i andre ende av den tabellen. Her var så mange som 37,4 av tusen innbyggjarar innom sjukehus med kreftdiagnose i fjor. Vaksdal i Hordaland følgjer med 34,6 per tusen.

Førekomsten større i Ørsta

I Ørsta kommune er delen personar med innlegging på 15,5 per tusen innbyggjar, så i forhold til snittet i Noreg må ein kunne seie at utbreiinga for tida er noko større i Ørsta. Det er 233 kommunar av 428 i Noreg som har mindre del kreft-innleggingar enn Ørsta. I Volda kommune er delen personar med innlegging nøyaktig lik; 15,5 per tusen innbyggjar.

Størst del i fylket

Oversikta frå Møre og Romsdal viser at Vanylven er den kommunen som tilsynelatande har størst utbreiing av kreft – i alle fall i 2012. Her var det 90 tilfelle, noko som svarar til 24,9 per tusen innbyggjarar. Dernest følgjer Midsund kommune med 19,9 tilfelle per tusen innbyggjar. Den kommunen som i fjor hadde færrast personar innlagt som følgje av kreft, var Hareid – der det var 115 pasientar og dermed berre 7,7 per tusen innbyggjar.