Fordelinga skjer i samsvar med kontrollerte medlemslister frå Brønnøysundsregistra.

I 2013 var 508 personar i Ørsta registrert som medlemmer i andre livssynssamfunn enn Den norske kyrkja. Støtta for dei 508 personane i andre livssynssamfunn vert 478 kroner per person.

Det kommunale tilskotet vert rekna på grunnlag av kommunen sine budsjetterte utgifter til driftstilskot til Den norske kyrkja. Inntekter frå kyrkja går til fråtrekk frå grunnlaget for utrekning.

Dei sist tilgjengelege tala viser at 9.264 ørstingar var medlemmer i statskyrkja i 2012.